Bibelen fortel om at verda vart skapt med ein orden, men òg om ein skapargud som underordna seg då han vart menneske og gjenforeinte verda med seg sjølv.
Underordning er knytt til skaparverket. Då Gud skapte verda, skapte han ein orden, der alt står i eit visst forhold til alt anna. Det ser ut til å finnast ein hierarkisk struktur i alt det skapte.
Det handlar ikkje om verdi, men om funksjon. Gud står over alt det skapte, og gir kvart ledd i skapinga sin funksjon og sin plass (jf. 1. Mos 1,1-2,25)
Hierarki og verdi
At Gud står utanfor og over alt det skapte, har blant anna gitt grobotn for dagens allmenne tanke om universelle menneskerettar.
Med Gud som skapar, står alle menneske under han, og er slik sett like. Så har vi sjølvsagt ulike ressursar og utgangspunkt i mange andre samanhengar. Men vi har alle fått livet i gåve av skaparen vår.
Den jødiske filosofen Simone Weil såg interessant nok hierarki som eitt av menneska sine «livsnødvendige behov».
Ein slik tankegang betyr ikkje at vi står fritt til å utnytta andre. Langt frå. Den bibelske ideen om underordning har motsett perspektiv på makt og posisjon enn det som er vanleg i verda og slik ho er prega av syndefallet.
Det kristne ekteskapet
Efesarbrevet 5 dukkar ofte opp blant bibellesarar, når temaet underordning kjem opp. Her står det både at alle i forsamlinga skal vera «underordna under kvarandre i ærefrykt for Kristus» (v. 21).
Deretter står det at koner skal vera underordna ektemennene sine i det kristne ekteskapet.
Paulus avsluttar kapitelet med sterke formaningar til mannen om korleis hans framferd må vera. Idealet er ein oppofrande kjærleik som har Jesus sjølv til førebilete. Jesus elska og ofra livet sitt av fri vilje for at menneske kunne få fellesskap med Gud.
Bibelen skisserer eit kristent ekteskap der ektefellane er likeverdige. Og dei vil stort sett finna gode løysingar saman. Det er ingen haldepunkt for å seia at Bibelens kvinneideal er passivt eller kua.
Men kva skjer når partane i eit ekteskap ikkje blir einige?
Då gjev Bibelens ord om underordning ei løysning. Det går ut på at kvinna av fri vilje gjev mannen siste ordet i spørsmål der dei må koma fram til ei felles løysing.
Mannen er på si side klar over at han må ta ansvaret slike gonger, men også har plikt til å ta samla omsyn til ektefelle (og heile familien, viss dei har barn). Det å ha snakka gjennom dette i forkant, er sjølvsagt ein fordel. Det krev noko ekstra av begge.
Jesus underordet seg
Men dette er berre eitt døme. Bibelen er gjennomsyra av underordningstanken. Jesus er det ultimate dømet på ein som underordna seg. Med det tok han skarp avstand frå ein tanke som dominerer i samfunnet vårt. Nemleg at tilveret er ein kamp om å fremja rettane sine.
Om Jesus står det derimot at han «gav avkall på sitt eige, tok på seg ein tenars skapnad og vart menneske lik» (Fil 2,7).
Det er noko vi kjenner att frå forteljingane om Jesus. Mange tenkjer på då han vaska føtene til disiplane; eit arbeid alle i samtida assosierte med den slaven som sto aller lågast på rangstigen.
Heile Jesu liv var prega av ein slik tenande leiarskap, og han han sa sjølv at han med det gav oss eit føredøme. Det er lett å kjenna på at ein kjem til kort i møte med desse ideala.
Trenger nåde
Ein slik motkulturell tankegong harmonerer med Paulus radikale ord i Romarbrevet 12,2:
Og innrett dykk ikkje etter denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje; det gode, det som er til glede for Gud, det fullkomne.
Mellom linjene blir det klart: Vi menneske treng eit hav av nåde. Dei gode nyhenda er at hjelpa alltid er nær. «Min nåde er nok for deg», er Guds svar når vi menneske innser at vi kjem til kort (2. Kor 12,19).
Anbefalte ressursar:
- Weil, Simone. The Need for Roots: Prelude to a Declaration of Duties Towards Mankind. Oversatt av Arthur Wills. New York: Routledge, 1952.
- Roosevelt, Eleanor. The Moral Basis of Democracy. New York: Howell, Soskin, 1940.
- Holland, Tom. Dominion. New York: Basic Books, 2019.
Illustrasjonsbilde av Joel Muniz fra Unsplash / Tore Hjalmar Sævik









