=
=
[calendar id="100262"]

av | 18. november 2025 | Tvil og tro


Kva er det du har bedt om?

I den ironiske songen Mercedez Benz ber Janis Joplin om at Gud skal kjøpe ein Mercedes til ho sidan alle vennane har Porche. Songen har eit godt poeng: det er ikkje ein god ide å be slik.

Så om vi feilsøker bøna di, så kan det vere greitt å sjekke kva du bad om. Jakob 4,3 seier at vi ikkje får det vi ber om dersom det er noko vi skal sløse bort i nyting. Det er ikkje gale å kjøpe ein skikkeleg bil, men hjartet bak bønene våre er det vi ser på no.

Be Vår Far

Fleire av dei største kristne tenkarane i historia skriv at vi bør be slik som Jesus ber i Vår Far, og at vi ikkje får svar om vi ber om noko anna.

Første gong eg las det tenkte eg at dei var heilt på jorde og burde ta å slappe av litt. Men så forstod eg poenget: Vår Far er ei enormt stor og vid bøn.

Det er plass til alle andre bøner i den eine bøna. Heile Salmenes bok, som eigentleg er ei bønebok, får plass i Vår Far. Men bøner som tek oss vekk frå Gud eller som bryt med boda hans får ikkje plass.

Kven tenker du Gud er?

Bibelen løfter opp barn som gode førebilete: dei er audmjuke, tillitsfulle og dei spør foreldra sine om det er noko dei treng.

Dei store kristne tenkarane seier at vi ikkje har det vi treng i oss sjølve. Dei seier at alt som er verkeleg godt er i Gud og at vi får det i gåve frå han. Difor inviterer han oss til å komme å spørje han om alt vi treng og lengtar etter.

Kva seier Gud når han ikkje seier ja?

Av og til seier Gud nei. Av og til må vi vente. Nokre gonger får vi det vi bad om og ofte får vi noko som er endå betre enn det vi bad om.

Kanskje bad du om at det ikkje skulle skje noko vanskeleg, men svaret du fekk var at Gud var med deg i det vanskelege som skjedde.

Ikkje mist motet om du ber om noko godt, for Gud er god og «kan gjera så uendeleg mykje meir enn alt det vi bed om og skjønar» (Ef 3,20b).

Blir kunstig intelligens vår nye religion eller Gud? 
Blir kunstig intelligens vår nye religion eller Gud? 

Kunstig intelligens smalt forstått er en bestemt teknologi som gjennomsyrer mye av samfunnet for tiden. Selve teknologien kan altså ikke bli en ny religion, men det finnes en del mennesker som har utviklet en ideologi hvor kunstig intelligens får mye av samme rolle...

Hvem skapte Gud?
Hvem skapte Gud?

Skapte ting Det meste vi kjenner til finnes fordi noen lagde det på et tidspunkt. Ta en bok for eksempel. Den finnes fordi noen skrev den. En stol finnes fordi noen har snekret den, og du finnes på grunn av dine foreldre som finnes på grunn av sine foreldre og så...

Finnes rettferdig krig?
Finnes rettferdig krig?

Dette spørsmålet har vært diskutert i den kristne kirke helt siden starten – med stor uenighet. Begge syn vil kunne argumentere med utgangspunkt i Bibelen. Når kan en krig være rettferdig? Det femte bud sier klart og tydelig at «Du skal ikke slå i hjel» (2. Mos...