Mirakla i Bibelen har fleire føremål: å vise kven Gud er, at Han er mektig, å bekrefte at profetane var sendt frå Gud, og at Jesus var guddommeleg. Dei peikar altså utover seg sjølv, og vil vise at Gud handlar i historia gjennom mirakel.
Historia om ein Gud som gjer mirakel
Eg trur at Bibelen er Guds ord, og der står det at Gud gjer mirakel.
Frå skapinga av himmel og jord, til delinga av Rødehavet så Israelsfolket kunne gå tørrskodd gjennom det (2 mos 14, 21-22), og Den Heilage Ande som gjennom Peter og Paulus helbreda mange sjuke.
Eit ukjend verdensbilde
For nokon kan desse historiene i Bibelen vere vanskeleg å forstå.
Vi lever i ei tid med aukande interesse for kristen tru. Fleire som kjem til tru på Jesus har ikkje høyrt bibelhistorier frå søndagsskulen og er skeptisk til mirakel. Dei er ikkje oppvaksen med eit kristent verdensbilde der det er sjølvsagt at Gud gjer mirakel.
Difor er det viktig at vi får eit bibelsk verdensbilde gjennom å ta Guds ord på alvor og forstår at den gjev oss eit verdensbilde der Gud ikkje berre har skapt universet, men framleis held det oppe og verker i det.
Eg trur på ein Gud som bærer universet og alt i det opp med sitt mektige ord.
«Han [Jesus] har Gud sett til arving over alle ting, for ved han skapte han verda. Han er utstrålinga av Guds herlegdom og biletet av hans vesen, og han bærer alt med sitt mektige ord.» (Heb 1,2-3)
Det viktigaste mirakelet
Jesus Kristus er den viktigaste skikkelsen i heile Bibelen – og han gjorde mange mirakel. For han var ingenting umogleg, og for han var mirakel veldig viktig.
Vi må huske at hjørnesteinen i kristendommen er basert på at Gud gjorde eit mirakel for 2000 år sidan. Gud vekka opp igjen Jesus som hadde vore død i tre dager. I tre dagar låg han død i ei grav i Jerusalem, men Jesus stod opp igjen!
Ein kvar person som kallar seg kristen må anerkjenne at det har skjedd mirakel, sidan vi kristne trur at hjørnesteinen i trua vår er basert på eit mirakel.
«Men er ikkje Kristus reist opp, då er trua dykkar meiningslaus, og de er enno i syndene dykkar.» (1 Kor 15,17)
Men kva med i dag?
Det er fantastisk at Gud har gjort mirakel før, men kan han gjere det i vår tid?
Jesus er i går og i dag den same, ja, til evig tid (Heb 13,8). Jesus sluttar ikkje å vere allmektig, han fortsetter å vere det i dag og til evig tid.
Eg har sett at Jesus har helbreda plager og smerter til folk rundt meg i vår tid. Det er fantastisk når slike ting skjer, men eg vil fortelje ei litt anna historie frå mitt liv der eg fekk ein sterk oppleving av at Gud hadde ein finger med i spelet.
Gud jobba i kulissene
Eg huskar ein gong tilbake til vidaregåande der eg skulle vere med å arrangere Grill en kristen, et arrangement kor publikum kan stille spørsmål til et kristent panel. For meg var det eit mirakel at eg fekk mot til å gå rundt i kantina og fortelje om eit kristent arrangement, for det var noko eg aldri hadde gjort før.
Eg opplevde ein overnaturleg frimod, og Gud fekk med seg heile kjemiklassa på Grill ein kristen. Det var ein sterk oppleving å sjå Gud jobba i kulissene.
«Vi veit at alle ting tener til det gode for dei som elskar Gud, dei han etter sin frie vilje har kalla.» (Rom 8,28)
Gud i dei små tinga
Ofte er vi opptekne av dei store, sensasjonelle mirakla. Men eg slår eit slag for å sjå korleis Gud verker gjennom alle ting – sjølv i ein fallen verden – til det gode. Gud ser altså alle situasjonar, og midt i alt vever han livet saman slik at det til slutt blir til det gode til slutt.
Det er eit svært mirakel, og det skjer dagleg! Lat oss lære oss å sjå Gud i dei små tinga, og vite at Gud snur opp ned på lidinga.
Anbefalte ressurser
- Martin Jacobsen. Kan mirakler egentlig skje? Er det ikke helt umulig, eller iallfall altfor altfor usannsynlig? snakkomtro.no
- Bjørn Hinderaker. Er mirakler mulige? Videoserie på snakkomtro.no
- C.S. Lewis (2024). Mirakler. Luther forlag.
- Craig Keener (2021). Miracles Today – The Supernatural Work of God in the Modern World. Baker Academics
- Craig Keener (2011). Miracles: The Credibility of the New Testament Accounts. Baker Academics.








