=
=
[calendar id="100262"]

«Litt energi» 

Eg blir ofte glad når nokon held på å bli kjent med den kristne trua og spør seg sjølv om det verkeleg er slik at Jesus tilgir alt. Det viser at dei har begynt å ta inn over seg kor stort det er. For det er vanleg for mange å tenke at kristendommen heller er litt hjelp til å vere ein god person.

I går snakka eg med to vgs-elevar, og ei av dei sa at ho tenkte at kristendommen kunne gjere folk slappe til å utvikle seg sjølve. «Det er greitt at Jesus kjem med litt energi, men vi må ta ansvar sjølv.» 

Det nye testamentet seier at vi blir frelst av Gud på grunn av Jesus sin død og oppstode og at vi får del i det ved trua han gir oss i gåve. Dette er meir enn «litt energi», det er eit enormt bytte: Jesus tek på seg alt det vonde i oss og gir oss del i alt det gode i han.  

Kva er motivasjonen? 

Men når ein høyrer det kan ein av og til begynne å lure på kva som skjer med motivasjonen til å gjere det gode. Er det slik at det blir greitt å synde då?

Paulus tek opp denne kritikken sjølv i Romarane kapittel 6,1-2:

«Kva skal vi då seia? Skal vi halda fram i synda så nåden kan bli så mykje større? Langt ifrå! Korleis kan vi som har døydd bort frå synda, framleis leva i henne?» 

Ok, så det er ikkje det same om vi synder eller ikkje. Men kvifor skal vi slutte å synde dersom vi ikkje blir straffa for det? Vel, synda har framleis konsekvensar. Det skjer triste ting, vi kan miste utruleg mykje og utsette oss sjølv og andre for det vonde.  

Likevel, så er frykt og stoltheit ganske tynne motivasjonar for å søke det gode. Målet er å bli ein ny person på det djupaste nivået, i sjølve hjartet. Målet er å faktisk elske det gode og lengte etter det som Gud seier er godt.  

Eit nytt hjarte 

Kjærleik er ein mykje sunnare grunn til å søke det gode livet Jesus har for oss. Eit hjarte kan endrast ved at det smelter av varmen til ein større kjærleik, men det kan ikkje endrast med å knyte det fast med stoltheit eller med frykt.  

Ja, det er bra å endre måten vi oppfører oss på og viktig å snu oss vekk frå det vonde. Men Jesus sitt prosjekt er endå større, han vil til kjernen av det som driv oss og at vi skal bli lik han. Bibelen snakkar om at han vil gi oss nye hjarte og eit nytt liv, og det er kanskje dei største endringane som går an å sjå for seg.  

Eit eksempel 

Tenk deg at du har ein i klassa som du ikkje liker. Dersom det er nok å begynne å seie fine ting eller hjelpe han når noko er vanskeleg, så det mange triks som kan hjelpe. Men det verkar som om Gud sitt mål er å hjelpe oss å faktisk elske denne personen og då treng vi hjelp utanfrå. Då treng vi å bli noko heilt nytt. 

Ein prosess 

Kristne er framleis ei blanding av synd og nåde. Vi har det syndige mennesket i oss, og vi har samtidig fått ein ny kjærleik.  

Vi har blitt smelta av det Jesus gjorde for oss og lengtar etter å bli like han. Av og til går vi fort fram og av og til kryp vi seint fram mot det målet. Men:

«eg er viss på at han som tok til med si gode gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag.» (Filipparane 1,6) 


Anbefalte ressursar:

Hvordan bør man faste?
Hvordan bør man faste?

Har du lest «Hva er faste?» 1.   Sett retning for fasten Sett deg et overordnet mål for fasten, gjerne sammen med din åndelige veileder. Et slikt mål kan være et bibelord, som for eksempel Paulus’ bønn for sin medarbeider Filemon: «Jeg ber om at den tro du...

Hva er faste?
Hva er faste?

Vi lever i en verden der alt er tilgjengelig hele tiden. Vi kan spise hva vi vil, når vi vil, og underholdning er bare ett tastetrykk unna. Likevel kjenner mange på uro, rastløshet og en følelse av at noe mangler. Kanskje du...

Er det galt å ha sex før ekteskapet ifølge kristendommen?
Er det galt å ha sex før ekteskapet ifølge kristendommen?

Kristendommen har et ekstremt positivt syn på sex Gud har skapt sex som noe godt! Gud ønsker intimitet for oss mennesker. Denne intimiteten kommer til uttrykk gjennom hans skapelse av mann og kvinne. Sex er et uttrykk for enheten mellom mann og kvinne (1.Mos 1,27;...